40 siders magasin om
Fiskeri Flora
Idé, tekst og utforming:
Les om den spennande fiskeflåten i Flora
Rune Nilsen, Skjongholm og familien frå Hovden. Side 10 og 11.
Eventyrfiskarane, med klondykestemning om bord. Side 18 og 19
Kristian Æsøy og sjarken Alda. Side 8.
Installasjon, service og driftsvedlikehold. Side 6 og 7
Stor kapasitet for fiskelåten. Side 25
Står klare for fiskeriflåten. Side 29
Slik skal ringnotbåten få fleire bein å stå på. Side 12 og 13
Ny generasjon på drifts- og eigarsida. Side 14 og 15
Investerer på sjø og land – ny båt og ny base i Rognaldsvåg. Side 16 og 17
Dialog er det viktigaste verktøyet. Side 34 og 35
Ein engasjert fiskeribank. Side 40
Intervju med ulike aktørar i fiskerikommunen
Flora har i dag den mest moderne kvitfiskflåten i landet, og driv fiske i Nordsjøen, ved Shetland og nord til Barentshavet. Med fryseri om bord og større båtar strekker vi sesongen og har muligheit til fiske lenger vekke enn tidlegare.
Eg har vakse opp med fiskeri og det var vel litt tilfeldig at eg tok hyre om bord ein gong dei var opprådde for folk på Bluefin. Linn Theres er vikarfiskar inn i mellom studiar, og ho stortrivast som fiskar. Størjefiske er ekstra spennande.
Det er med stoltheit eg ser at fiskarfamiliane i kommunen satsar på fiskerinæringa, og dei ressursane sjøen byr på. Vi har ein stor og moderne flåte, som produserer mat og gir store ringverknader med tanke på sysselsetting og utstyrsleverandørar.
Torstein Dolve (21) er ein av få lærlingar i fiske og fangst frå Florø. Eg har alltid hatt lyst til å jobbe på sjøen, men at det blei fiskaryrket var vel litt tilfeldig. Torstein håpar at fleire frå Florø vil bli fiskarar.
Vidar Ulriksen frå Batalden er regiondirektør for Fiskeridirektoratet Vest, og har gått gradene frå sjarkfiskar til statssekretær hos fiskeriministeren. Han kjenner faget og utviklinga betre enn dei fleste.
Det er ei glede å sjå at fiske framleis er ein av dei sterkaste næringsvegane i kystbyen. Vi er avhengige av at nokon torer å stake opp vegen og satse. Fiskerifamiliane i kommunen gjer det.
Slik formulerte Henry Ford seg for mange år sia. Om Fiskeri Flora kan vi sei det same. Det handlar om å komme saman og jobbe for felles sak. Vi skal saman stå fram og fortelje at vi er flinke og at vi skapar verdiar. Dei fem store båtane du ser på bildet representerer godt over ein milliard kroner med tanke på verdi og fangstrettar.
Framsnakke kvarandre
Vi er flinkast til å skryte av andre, men vi må ikkje gløyme at vi ikkje er så verst sjølve heller. I A til Å vil vi vere med å framsnakke fiskarane og reiarlaga. Fiskeriflåten frå kommunen skapar ikkje berre store verdiar til havs. Det vert sagt at ein fiskar gir fire arbeidsplassar på land.
Fiskarane satsar
Fiskerinæringa er kanskje litt gløymt og gøymt, mellom alle desse andre aktørane. Fiskarfamiliane jobbar hardt og satsar stort – og står for store verdiar, mange arbeidsplassar og viktig mat. Vi har mange sjarkar som og er viktige i fiskerikommunen vår. I dag vil vi slå eit slag for denne viktige Floranæringa – her representert ved:
GOD LESNAD – VI SEIER SOM FOTBALLEN; STOLT OG KRY
Helsing oss som har laga Fiskeri Flora